top of page

Historia vår

Urørt natur og utsikt!

Nordfjordryggen Fjelløp er eit A til B løp som følgjer dei sju fjelltoppane frå Utvikfjellet til Sandane i Gloppen på Vestlandet! Løypa går på etablert tursti og 25 km går i urørt natur over tregrensa med panoramautsikt mot Jostedalsbreen, Myklebustbreen, Nordfjorden, Gloppefjorden og dei majestetiske fjell i Nordfjord!

Alle er velkomne!
Nordfjordryggen har snille fjelltoppar og bakkar. Det gjer løypa overkommeleg om du er uerfaren. Har du mykje erfaring og likar fart, er det berre ein ting å gjere: gje full gass! men fjelløp treng ikkje løpast, ein kan gjennomføre i sitt eige tempo, og utfordre seg så mykje/lite ein sjølv vil. Her blir alle heia på!


Festival og folkefest!
Nordfjordryggen Fjelløp er meir enn berre eit løp – det er ein festival for heile bygda. Du kan velje å gå heile eller delar av løypa, ta turen opp på fjellet for å heie på løparane, vere med på barneløpet eller berre nyte stemninga og målfest i Sandane sentrum.

Løype

Konkurranseklassse:

Start:                        Utvikfjellet (600 moh)

Mål:                          Sandane Sentrum (5 moh)

Lengde:                   30 km

Høgdemeter:          1185 m (stigning)

Underlag:                25 km flott høgfjellssti, 3.5 km grus, 1.5 km asfalt

             

GPX-fil:                     Strava og Garmin 

Turklasse:

Enten heile 30 km løypa eller 21 km (ned etter Blånibba).

løypeprofil Nordfjordryggen
Løypeprofil Nordfjordryggen høgdemeter

Ønsker du og sjå løypa i detalj, eller laste ned GPX-fil?​  Trykk her :    Strava       Garmin 

Drikkestasjonar

Det blir tre drikketstasjoner i løypa. Her blir det servert: vatn og energidrikk (Fuel of Norway 60 g karb. / liter).

 

Plassering av drikkestasjonaer:​

#1 Tisthammarskaret (8 km / 820 moh)
#2 Svinestrandsvatnet (14 km / 980 moh)
#3 Haugsvarden (21 km / 862 moh)

Merking

Det blir godt synlege flagg lags heile  lyøpa, ekstra flagg i vanskelege parti. Alle kryss blir skilta med nordfjordryggen-skilt og pil.

Obligatorisk utstyr

● Mobil (med fullt batteri og offline kart)
● Vindtett jakke
● Lue eller buff
● Gassbind/kompress (til å stoppe blødning)
● Drikkeflaske eller kopp
● Ein ekstra energibar/gel/sjokolade


Anbefalt utstyr (kan bli obligatorisk på kort varsel om dårleg vermelding):
● Varm lue og hansker
● Ulltrøye (ekstra)
● Vindtett bukse
● Redningsfolie

Reglar og betingelser

● Arrangøren kan endre løypa eller avlyse ved dårleg vêr / force majeure. Dette gjev ikkje rett til refusjon.
● Deltakarane spring på eige ansvar.
● Deltakarane pliktar å hjelpe andre som treng hjelp eller er i naud.
● Ved skade eller DNF må arrangøren kontaktast.
● Det er lov å ta imot ekstern hjelp (mat/drikke/utstyr).
● Det er tillate med stavar, men dei skal berast heile vegen.
● Det er ikkje tillat med piggsko.
● Obligatorisk utstyr må berast under heile løpet.
● All forsøpling er forbode.
● Deltakarane godtek at arrangøren kan bruke bilete og video frå løpet til marknadsføring og dokumentasjon.

bottom of page