Urørt natur og utsikt!
Nordfjordryggen Fjelløp er eit unikt fjelløp som følgjer dei sju fjelltoppane frå Utvikfjellet til Sandane i Gloppen på Vestlandet! Løypa går på etablert tursti og 25 km går i urørt natur over tregrensa med panoramautsikt mot Jostedalsbreen, Myklebustbreen, Nordfjorden, Gloppefjorden og dei majestetiske fjell i Nordfjord!
På Nordfjordryggen får du ei ekte fjelloppleving – før du blir tatt imot av målfesten i Sandane sentrum! Kvelden før blir det flotte sosiale rammer i Trivselsskogen, og etter løpet blir det sjølvsagt bankett.

Alle er velkomne!
Nordfjordryggen har snille fjelltoppar og bakkar. Det gjer løypa overkommeleg om du er uerfaren med fjelløping. Har du mykje erfaring og likar fart, er det berre ein ting å gjere: gje full gass! men fjelløp treng ikkje løpast, ein kan gjennomføre i sitt eige tempo, og utfordre seg så mykje/lite ein sjølv vil. Her blir alle heia på!
