top of page

HISTORIA VÅR

Her får du historia bak Nordfjordryggen Fjelløp. Vi fortel om vegen frå dei første draumane, via etableringa av turstien, til det vellukka testløpet i 2025 som la grunnlaget for den folkefesten vi planlegg 11.-12. september 2026.

Draumen om eit fjelløp

Allereie i 2010 byrja fjelløparar i Gloppen å drøyme om eit løp over den spektakulære fjellryggen mellom Utvikfjellet og Sandane, som hadde eit heilt unikt potensial. I 2022 fekk ideen tydelegare form. Turlaget etablerte då ein samanhengande tursti heile vegen frå Utvikfjellet til Trivselsskogen i Sandane (21 km). “Nordfjordryggen” vart teke i bruk for første gong, og fleire fekk lyst å arrangere eit fjelløp.

Vendepunktet

i 2025 søkte Trivselsskogen om midlar til å starte eit slikt fjelløp, tanken bak var å skape noko nyskapande og samlande for bygda. Både Sparebankstiftinga og Vestland Fylkeskommune ga støtte til prosjektet. Trivselsskogen kunne lite om fjelløp, men fjelløparne som hadde draumt om dette var lette å overtale og blei med i prosjektet. Plutseleg hadde ein eit team. Gruppa som dro det i gang var Bie (dyktig dansk prosjektleiar), Ørjan, Roger og Irene (fjelløparar) og Roger (tidlegare langrennsløpar). Alle var involverte i lokalsamfunnet på ulike arenaer – frå frivillig arbeid i idrett og kulturliv, til kyrkjelyd, sauesanking og Trivselsskogen. Til felles hadde dei alle eit engasjement for Gloppen og Nordfjord. Nordfjordryggen Fjelløp skulle vere mykje meir ein idrettskonkurranse; det skulle bli ein folkefest og eit bulyst-prosjekt som samla bredt!

IMG_7629 (1).jpeg

Frå plan til virkelighet: Testløpet 2025

Før vi kunne opne for ordinær påmelding, ville vi gjennomføre eit testløp. Vi ville sjekke at løypa var klar, at logistikken fungerte og at heilskapsopplevinga vart god. Vi involverte kommunen, idrettslaga, Firda vidaregåande skule, Nordfjord folkehøgskule, villreinstyret og ikkje minst grunneigarer.

Fjellhug/Vereide IL vart ein naturleg teknisk arrangør. Gjennom deira lange erfaring og samarbeid med friidrettskrinsen, fekk vi både god hjelp og nødvendig tidtakingsutstyr på plass. Vi i prosjektgruppa har vore med på mange fjelløpløp før, og no skulle alle desse erfaringane samlast i et løp. Det handla om alt frå løypemerking og informasjon til løparane, til korleis vi kunne skape god stemning og trivsel frå ein kjem fredag ettermiddag til heimreise søndag.

 

Vi inviterte fjelløparar med ulik bakgrunn og erfaring frå heile landet. Vi ville sjå korleis løypa fungerte for både dei raskaste og dei som brukar lengre tid i fjellet, så her var både eliteutøvarar og førstegongsløparar på startstreken. Testløpet blei ein kjempe suksess. Været var kanon, all logistikk fungerte og løparane ga ei tilbakemelding om både unik løype og topp stemning!

Første offisielle løp: 2026

 

Etter ei evaluering i og dialog med grunneigarane bleit det bestemt at 11.-12. september 2026 arranger vi Nordfjordryggen Fjelløp med open tur og konkurranseklasse.

 

Vi gleder oss veldig og håper du har lyst å bli med som deltaker, frivillig eller som heier på fjellet eller på målfesten i Sandane sentrum.

Venleg helsing

Ørjan, Bie, Roger, Irene og Sverre

arrangor_edited.jpg
bottom of page