top of page

BARNELØP

- eit sosialt løp i Trivselsskogen for barn og unge

Vi inviterer til barneløp i Trivselsskogen fredag 11. september!

​

​

Eit løp der meistring og glede står i fokus, ope for alle barn mellom 3 og 16 år.

 

Det blir to løyper, begge med start og mål ved TIN-camp i Trivselsskogen.

​

Vi nyttar dei flotte stiane i Trivselsskogen, og legg opp til ein sosial og triveleg kveld for både lokale heltar og tilreisande familiar som skal delta på Nordfjordryggen Fjelløp dagen etter.

 

Barneløpet føregår i same område som det vert arrangert infomøte for hovudløpet, så her blir det liv og røre for alle!

​

Program for Barneløp i Trivselsskogen! 🌲🏃‍♂️✨

 

🔥 Grilling og kos frå kl. 17.00

Varme grillar i TIN-camp

Gratis pølser og popcorn til store og små, og kaffi til dei vaksne ☕

 

🏃‍♀️ Om løpa

Det blir to løp, og ein vel sjølv kva for eit løp ein vil delta i. Begge løpa er opne for alle.

Alle som deltek får premie!

 

💪  Tufte-løpet (ca. 600 m)

Start: Kl. 18.00

Løype: Start i TIN-camp, sti bort til Tufteparken og retur same veg. Mål i TIN-camp.

 

💚 Kjærleiksløpet (ca. 1000 m)

Start: Ca. kl. 18.15

Løype: Start i TIN-camp, sti bort til Tufteparken, opp gjennom Kjærleiksskogen, første til høgre og ned sti mot TIN-camp. Mål i TIN-camp.

 

📝 Påmelding og utdeling av start nummer

Det er gratis å delta, men fint om ein melder på barna i forkant slik at vi har nok premiar.

Meld deg på her: https://forms.gle/NKtbTmNvUjmhFzZL9

Utdeling av startnummer 17:00-17:45

 

Vel møtt til haustens trivelegaste happening for barnefamiliar! 🍂🎉

bottom of page