top of page

TRIVSELSLØP

- eit sosialt løp i Sandane sentrum

Bli med på Trivselsløpet – ein folkefest for absolutt alle!

​

​

Dato: Laurdag 12. september 2026

​

Stad: Start og mål i Sandane sentrum, via Trivselsskogen

 

I samband med Nordfjordryggen Fjelløp utvidar vi i år tilbodet og inviterer heile Gloppen – og alle tilreisande – til Trivselsløpet! Dette er eit heilt nytt og lågterskel arrangement der rørsleglede, fellesskap og naturopplevingar står i sentrum, heilt utan fokus på tider og prestasjonar.


For alle!

Trivselsløpet er akkurat det namnet seier: Eit løp for trivsel. Dette er ein open aktivitetsdag der absolutt alle kan delta, uansett alder, form eller funksjonsnivå. Det spelar inga rolle om du vil stake, rulle, gå i roleg tempo, jogge eller springe. Her er det plass til alle.

​

Løypetilbod for alle nivå
Vi tilbyr to ulike traséar slik at alle kan delta ut frå eigne føresetnader:

 

Trivselsløypa: Går frå folkelivet i Sandane sentrum, opp i dei fantastiske stiane i Trivselsskogen, og ned igjen til ein storslått målgang i sentrum.

​

Sentrumsløypa: Synest du turen opp til Trivselsskogen blir i lengste eller brattaste laget? Fortvil ikkje! Vi har også ei kortare, flatare og meir lett tilgjengeleg løype som berre går i Sandane sentrum. Slik kan absolutt alle vere med på sine eigne premissar.

​

Ein inkluderande folkehelsefest
Målet vårt med Trivselsløpet er å skape ein sosial folkehelsefest som samlar folk på tvers av generasjonar.

​

Bli med på spleiselaget av idrettsglede og meistring. Møt opp på dine eigne premissar og bli ein del av den store folkefesten i Gloppen! Det er ingen krav om påmelding. 

bottom of page