top of page

FJELLØP

- eit fjelløp som føl dei sju fjelltoppane frå Utvikfjellet til Sandane sentrum. 

​

​​​

Type:                   Konkurranseklasse ​

Dato:                   12. september 2026

Distanse:           30 km

Høgdemeter:   1200 m stigning

           

Pris:                     750 kr (inkluderer transport til start,

                             startnummer og felles kveldsmat fredag)

Web-04475.jpg

Ragnor på veg om mot Svindestranda under testløpet 11. september 2025 (foto: Jacob Stærk)​​

Løypa

Om løypa

​

Start:                   Utvikfjellet (600 moh)

​​

Mål:                      Sandane sentrum

​​

Distanse:            30 km

​​

Høgdemeter:    1200 m stigning

​​

Underlag:          25 km høgfjellssti

                              3,5 km grus

                              1,5 km asfalt.

​​​

Merking:            Svært godt merka:

                              - mange flagg langs stien

                              - skilt i alle stikryss

​​​

​Utsikt:                Ja, i alle retningar

​​

GPX-fil:               Strava  /  Garmin 

                              (gpx-fil småjustert 10.sept 2026)

Dei 7 fjelltoppane

 

Fløtravarden (4 km / 869 moh)

Snøfjellet (6 km / 1006 moh)

Dunheia (10 km / 1165 moh)

Blånibba (12 km / 1067 moh)

Svinestranda (14 km / 1072 moh)

Svarthammaren (17 km / 985 moh)

Haugsvarden (21 km / 862 moh)

Drikkestasjonar

 

​Servering: fjellvatn, energidrikk (Fuel     

                    Of Norway), snacks

​​

Dei tre drikkestasjonane:

​#1 Tisthammarskaret (7,8 km/ 820 moh) 

#2 Svinestrandsvatnet (13,5 km / 980 moh) 

#3 Moldatjønna (19,3 km / 750 moh)

Løypebeskrivelse

​

Løypa startar på parkeringsplassen på Utvikfjellet (0 km / 600 moh.) med ca. 1 km på grusveg. Deretter tek du av til høgre og inn på stien som går gjennom Fellastøylen. Etter støylen kjem nokre våte myrer før du startar på ein tørr og fin rygg opp mot den første fjelltoppen, Fløtravarden (4 km / 869 moh.). No er du på høgfjellet!

 

Du følgjer ein flott sti vidare til den andre toppen, Snøfjellet (6 km / 1006 moh.), eller Grønnskreda som dei lokale seier, før ei småteknisk nedstigning fører deg til den første drikkestasjonen ved Tisthammarskaret (7,8 km / 820 moh.). Herfrå kjem løypas lengste motbakke opp til det høgaste punktet, Dunheia (10 km / 1165 moh.).

 

Etter ein teknisk nedstigning ventar ein lettløpt sti opp til Blånibba (12 km / 1067 moh.). Ei ny, kort nedstigning fører deg rett rundt svingen til den andre drikkestasjonen ved Svinestrandsvatnet (13,5 km / 980 moh.). Herfrå går det opp ein ny bakke til Svinestranda (14,5 km / 1072 moh.) – Sandane sitt svar på Matterhorn.

 

Etter toppen følgjer ein teknisk nedoverbakke før du kjem inn på ein nydelig sti med utsikt mot Nordfjorden. Svarthammaren (17 km / 985 moh.) er nest siste topp; her snur du på toppen og spring ein fantastisk rygg ned rundt eit lite vatn, før du kryssar terrenget og ned til Moldtjønna som er tredje og siste drikkestasjon (19,3 km / 750 moh).

​

Etter litt påfyll kjem løypas siste motbakken, her ventar elevar frå Nordfjord folkehøgskule på deg. Dette er Noregs svar på folkehavet i Zegama-Aizkorri eller Alpe d'Huez (om det er nokon som tek alpe-referansane)! Etter dette er du på toppen av Haugsvarden (21 km / 862 moh.), løypas sjuande og siste topp. Her må ein nyte den fantastiske utsikten ut Nordfjorden før du vender nasa mot låglandet.

 

Her kjem først ein rask og teknisk sti før du får nokre kilometer med asfalt og grusveg gjennom Fjellbygda. Rett før mål løper du gjennom nydelige Trivselsskogen og TIN-camp, der du åt kveldsmat dagen før, før du til slutt vert teken imot av tidenes folkefest i Sandane sentrum (30 km / 5 moh.).

​

nordfjordryggen fjelløp 2025 testløp trailrun trail sti målgang gloppen nordfjord

Anna og Martine over målstreken, slitne, nøgde og stolte (foto: Jacob Stærk)​​

Praktisk informasjon

Sosialt: Startkontingenten inkluderer pizza og pasta, løpsgjennomgang og mingling i TIN-camp fredag kveld.

​

Transport: Det går bussar frå Sandane til start på Utvikfjellet på løpsdagen. Bussane går fra Sandane rutebilstasjon kl 8.45. kom 5 min før. 

​

Start: Konkurranseklassa har fellesstart kl. 10.00 frå Utvikfjellet. Det er toalett ved start. 

​

Baggage-drop: du kan levere inn baggen din ved start og hente den ved mål.

​

Tidtaking: startnummer har chip for automatisk tidtaking. Live mellomtider/slutttider via eqtiming.com

​

Løpsfest : alle deltakere og frivillige er invitert til bankett. Meir info og påmelding HER.

​

​

Regler og obligatorisk utstyr

Regler og betingelser

​

● Arrangøren kan endre løypa eller avlyse ved dårleg vêr / force majeure. Dette gjev ikkje rett til refusjon.
● Deltakarane spring på eige ansvar.
● Deltakarane pliktar å hjelpe andre som treng hjelp eller er i naud.
● Ved skade eller DNF må arrangøren kontaktast.
● Det er lov å ta imot ekstern hjelp (mat/drikke/utstyr).
● Det er tillate med stavar, men dei skal berast heile vegen.
● Det er ikkje tillat med piggsko.
● Obligatorisk utstyr må berast under heile løpet.
● All forsøpling er forbode.
● Deltakarane godtek at arrangøren kan bruke bilete og video frå løpet til marknadsføring og dokumentasjon.​

Obligatorisk utstyr

​

● Mobil (med fullt batteri og offline kart).
● Vindtett jakke.
● Lue eller buff.
● Gassbind / kompress (til å stoppe blødning).
● Drikkeflaske eller kopp.
● Ein ekstra energibar / gel / sjokolade.


Anbefalt utstyr:
● Varm lue og hansker.
● Ulltrøye (ekstra).
● Vindtett bukse / Redningsfolie.

nordfjordryggen fjelløp 2025 testløp trailrun trail sti gloppen nordfjord

Det kan sjå ut som Benny har spart litt på kreftene, eller så er han god å skjule at han er sliten (foto: Jacob Stærk)​​

bottom of page