LØPSFEST
🎉 Klar for å feire innsatsen? Bli med på årets fest! 🎉
Har du løpt over fjella, heia fram heltane, eller har du berre lyst på ein fantastisk kveld? Vi inviterer til ein sprudlande kveld fylt med nydeleg mat, god drikke og topp stemning etter Nordfjordryggen Fjelløp 2026!
Dørene på Vonheim opnar kl. 19:30, og frå kl. 20:00 diskast det opp med himmelsk tapas frå Kleppenes Gard. Baren er open heile kvelden med sal av øl, vin og alkoholfrie alternativ. Det blir gøye innslag, god musikk og garantert høg gjeving utover kvelden!
Det er berre 100 plassar, så her gjeld det å vere rask for å sikre seg billett!
Praktisk info:
-
Tid: Laurdag 12. september 2026, kl. 19:30 (Tapas frå kl. 20:00)
-
Stad: Vonheim (Vonheimsbakken 1, 6823 Sandane)
-
Pris: 500 kr
-
Billettar: Vipps til 75456 - påfør e-postadressen din ved betaling
-
Kleskode: Avslappa / casual (kom som du er – slitne løpebein er heilt innafor!)
-
Påmelding senest søndag 6. september kl. 18.00
Ta med deg det gode humøret og bli med å feire dagen saman med oss. Dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av! 🥳🏃♀️✨

